Klargjør siden...
Annonse

Brasils økonomi held fram nedturen

(NPK-NTB-AFP): Brasils økonomi krympa med 0,3 prosent i første kvartal i år. Nedgangen er likevel mindre enn venta.

Brasil er ramma av ei omfattande politisk krise, med president Dilma Rousseff mellombels suspendert mens ho ventar på å bli stilt for riksrett og omfattande korrupsjonsskuldingar mot ei rad politikarar og andre samfunnstoppar. I tillegg er landet ramma av den verste resesjonen på fleire tiår.

Men då dei offisielle tala for BNP vart lagt fram onsdag, viste det seg at nedgangen i økonomien var på 0,3 prosent og ikkje på 0,8 prosent, slik analytikarar hadde spådd.

Ifølgje ein prognose frå Organisasjonen for økonomiske samarbeid og utvikling (OECD) kjem den brasilianske økonomien til å krympe med 4,3 prosent i år og 1,7 prosent neste år. (©NPK)

Annonse