Annonse

Brasils president hevdar det manglar ressursar til å sløkke brannar i Amazonas

Brasils president Jair Bolsonaro seier at regjeringa manglar ressursar til å sløkke brannane som herjar i regnskogen i Amazonas.

Annonse

I ein tale som vart sendt direkte på Facebook torsdag, seier Bolsonaro at regjeringa etterforskar brannane, fortel nyheitsbyrået Reuters .

Han seier òg at utsegna hans om at brannane er påsett av ikkje-statlege organisasjonar, berre dreidde seg om mistankar, og at han aldri har hevda dette.

Onsdag la Brasils institutt for romforskning (INPE) fram data som viser ein dramatisk auke i mengda skogbrannar i Amazonas. Sidan byrjinga av året har det vore ein auke på 83 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Miljøvernarar knyter skogbrannane til auka hogst, fordi avskoging og uttynning fører til at sola når fram til den tørre skogbotnen. Det er òg mistanke om at område blir svidde av med vilje for å gi plass til kveg.

Sidan Bolsonaro kom til makta i januar, har regjeringa slått ein strek over ei rekke miljøvernlover. Presidenten har òg gitt uttrykk for skepsis til at klimaendringane er menneskeskapte.

Tidlegare regjeringar har greidd å kontrollere ulovleg hogst og nedbrenning av skog ved å innføre hardare reguleringar og bøter.

Regnskogen i Amazonas blir gjerne kalla «verdslunger» fordi han bind CO2 og avgrensar utsleppa i atmosfæren.

Klimaminister Ola Elvestuen (V) slo førre veke fast at Brasil har brote ein avtale som skal bremse avskoging i Amazonas og at Noreg derfor held tilbake 300 millionar kroner øyremerkt til det såkalla Amazonas-fondet.

(©NPK)

Brasils president Jair Bolsonaro hevdar at regjeringa ikkje har ressursar nok til å slukke brannane i Amazonas. Foto: Eraldo Peres / AP / NTB scanpix