Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Utanriksminister Børge Brende (H) skal vere til stades når regjeringa i Colombia og Farc-geriljaen kunngjer den historiske våpenkvileavtalen deira i Havanna torsdag.
npk@npk.no
Publisert: 22.06.2016 kl 17:42
FNs generalsekretær Ban Ki-moon og presidenten på Cuba, Raúl Castro, skal delta i seremonien, opplyser Utanriksdepartementet i ei pressemelding.
– Eg ser fram til å møte partane i Colombia-forhandlingane i Havanna. Det er gledeleg at vi no er nær ein avtale om våpenkvile og nedlegging av våpena. Vi er no eit stort steg nærmare ein endeleg fredsavtale mellom dei colombianske styresmaktene og Farc, seier Brende.
Noreg har saman med Cuba vore med på å leggje til rette for fredsprosessen mellom den colombianske regjeringa og den venstreorienterte Farc-geriljaen.
Fredsforhandlingane starta offisielt i Oslo i oktober 2012. Den væpna konflikten har vart i over 50 år. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.