Brexit-opprørarar blir ikkje einige om strategien

Intern usemje er grunnen til at det enno ikkje har lykkast å samle nok støtte til å utløyse ei avstemming om mistillit mot Theresa May, ifølgje Jacob Rees-Mogg.

Rees-Mogg starta brexitopprøret mot May då han torsdag i førre veke formelt leverte mistillitsforslaget sitt mot partileiaren. Rees-Mogg er sentral i den harde kjernen som ønsker ein hard brexit, eit klart brot med EU.

På ein pressekonferanse tysdag sa han at mange EU-skeptikarar kjem til å utfordre Mays leiarskap når skilsmisseavtalen med EU kjem opp til avstemming i Parlamentet neste månad.

- Dei synest det er betre å skrive brev då i staden for no. Det er heilt greitt. Eg uttrykkjer berre kva eg meiner, og folk kan vere einige eller usamde, sa Rees-Mogg.

Det må sendast inn 48 brev om mistillit inn til den såkalla 1922-komiteen før ei avstemming om mistillit mot May blir utløyst, men så langt har opprørarane ikkje klart å samle nok støtte.

Rees-Mogg leverte inn brevet sitt torsdag, like etter at to statsrådar, blant dei brexitminister Dominic Raab, hadde trekt seg frå regjeringa.

(©NPK)

Jacob Rees-Mogg vil gjerne ha ein ny statsminister, men så langt har han ikkje klart å få med seg nok konservative parlamentsmedlemmer til å utløyse mistillit. Foto: Victoria Jones / AP / NTB scanpix.