Annonse

EU og Storbritannia samde om å halde fram brexitsamtalar

EUs brexitforhandlar og den britiske brexitministeren vart fredag samde om å halde fram samtalane om forslag lagt fram av britane.

Michel Barnier og Steve Barclay møttest i Brussel, der dei diskuterte både brexitsamtalane og ei framtidig politisk erklæring om forholdet mellom EU og eit utmeldt Storbritannia.

I tillegg til det politiske møtet på fredag, går det føre seg tekniske samtalar mellom dei to partane, og det er desse som skal halde fram. Dei dreier seg no om enkelte konsept, prinsipp og idear Storbritannia har lagt fram for EU denne veka, heiter det i ei fråsegn frå EU-kommisjonen.

Barnier og folka hans lovar å halde EU-parlamentet og EU-rådet informert.

- Framdrift

- Det er framdrift, og samtalane på teknisk nivå held fram neste veke, sa Barclay etter møtet på fredag. Han understreka samtidig at ein eventuell avtale framleis er eit stykke unna, melder nyheitsbyrået AFP.

Storbritannia sa tidlegare i veka at dei hadde nokre planar for irskegrensa som dei ikkje var førebudde på å dele med EU, fordi dei ikkje ville miste kontrollen over informasjonsflyten. Torsdag snudde britane og overleverte dei uformelle dokumenta, som no altså er gjenstand for samtalane mellom EU og den britiske forhandlingsdelegasjonen.

Hemmeleghald

Men dei såkalla ikkje-papira - ei nemning britane brukar for å markere at det ikkje er snakk om nokon formelle forslag - har òg skapt nye gnissingar, skriv The Guardian. For å behalde kontrollen og unngå lekkasjar, har forhandlingsleiar David Frost bedt motparten behandle dokumenta som hemmelege og ikkje dele dei med regjeringane i resten av EU-landa.

Kjelder i Brussel seier at svaret britane fekk, var ein klar beskjed om at alle forslag må gjerast tilgjengeleg for analyse i medlemslanda dersom samtalane skal kunne halde fram.

Irskegrensa

Seks veker før britane etter planen skal forlate EU, er det først og fremst irskegrensa som er problemet. Begge sider vil unngå ei hard grense mellom eit utmeldt Storbritannia og EU-medlemmen Irland.

Samtidig har Boris Johnson gjort det klart at han ikkje kan akseptere den såkalla backstop-løysinga forgjengaren Theresa May forhandla fram. Den bind britane i ein tollunion med EU på ubestemt tid, inntil ei permanent løysing er på plass. Dermed er han til hinder for eit klart brot med unionen, meiner Johnson.

EU-president Jean-Claude Juncker sa denne veka at han meiner det framleis er mogleg å komme fram til ein avtale med britane.

Johnson sa i samband med møtet med Juncker måndag at han er forsiktig optimist. Han seier framleis at han ønsker seg ein avtale, men vik ikkje frå avgjerda si om å forlate EU 31. oktober - sjølv om ein avtale ikkje skulle vere på plass.

(©NPK)

EUs brexitforhandlar Michel Barnier tok fredag imot den britiske brexitministeren til politiske samtalar i Brussel. Arkivfoto: Jean-François Badias / AP / NTB scanpix