Annonse

Britisk politimann drepen då han rykte ut til eit mogleg innbrot

Ein politimann er drepen i Berkshire sør i England etter at han rykte ut som følgje av melding om innbrot. Ti gutar og menn er arrestert.

Dei ti er i alderen 13 til 30 år, og alle er mistenkte for drap, melder BBC.

Politimannen Andrew Harper (28), som gifta seg for berre fire veker sidan, døydde i det han vart «slept langs ein bil». Han skal ha komme til staden saman med ein kollega. Hendinga skjedde torsdag.

Dødsårsaka er enno ikkje slått fast, opplyser politisjef John Campbell i Thames Valley Police, som fortel at Harper var ein høgt akta kollega og at heile politikorpset er i sjokk og sorg.

Statsminister Boris Johnson seier til BBC at det er snakk om eit «hovudlaus og brutal brotsverk».

Dei siste ti åra har ti britiske politibetjentar vorte drepne i teneste av personar som var mistenkte for eit lovbrot. Fleire av dei har vorte køyrt ned.

(©NPK)

Politiet gjer åstadsundersøkingar etter drapet på ein politibetjent i nærleiken av Sulhamstead i England fredag. Foto: Steve Parsons/PA via AP / NTB scanpix

Politimeister John Campbell møtte pressen i Sulhamstead for å orientere om drapet på politibetjenten Andrew Harper fredag. Foto: Steve Parsons/PA via AP / NTB scanpix