Annonse

Britiske medium: Firmino forlèt Liverpool etter åtte år

Roberto Firmino (31) skal ha fortalt Jürgen Klopp at han ikkje vil forlengje med Liverpool og forlèt klubben etter sesongen, melder BBC og Sky Sports.

Annonse

Ifølgje rapportane ønskjer Klopp å behalde Firmino, men den brasilianske angriparen har andre planar.

31-åringen har fått sterk konkurranse om speletid etter at Liverpool henta Darwin Núñez og Cody Gakpo. Han har også slite med skadar denne sesongen.

Firmino signerte for Liverpool tilbake i 2015. Den gongen forlét han Hoffenheim til fordel for Merseyside-klubben.

Etter åtte år i Liverpool har angriparen notert seg for 107 skåringar og 70 målgivande pasningar på 353 klubbkampar.

Firmino har hatt ein suksessrik periode i England og vunne titlar i Premier League, Meisterligaen og fleire nasjonale cupar.

(©NPK)

Roberto Firmino har fortalt Jürgen Klopp at han reiser frå Liverpool etter sesongen, melder fleire britiske medium. Foto: Jon Super / AP / NTB