Britiske styresmakter reagerer skarpt på mogleg russisk deltaking i Paris-OL

Britiske styresmakter er svært kritiske til at Den internasjonale olympiske komiteen opnar for at russiske utøvarar kan få delta under sommar-OL i Paris.

IOC opplyste onsdag at ein no ser på korleis dei utøvarane frå Russland og Belarus igjen kan innlemmast i konkurransar.

«Ingen idrettsutøver skal forhindres fra å konkurrere bare på grunn av passet sitt,» heitte det frå IOC, som samtidig understreka at ei reintegrering må skje på strenge vilkår.

Den britiske kulturministeren Michelle Donelan kallar IOC-planane om at russiske og belarusiske idrettsutøvarar kan delta under nøytralt flagg som «en hel verden unna krigens virkelighet som det ukrainske folket kjenner på».

– Eg vil vere tydeleg på at denne posisjonen frå IOC er ei verd unna den røyndommen av krig som det ukrainske folket kjenner på og IOC-president (Thomas) Bachs eigne ord for mindre enn eit år sidan, der han på det sterkaste fordømde Russland for å ha brote den olympiske våpenkvila og oppmoda dei til å gi freden ein sjanse, seier Donelan.

– Vi vil på det sterkaste fordømme alle avgjerder som gjer at president Putin kan legitimere den ulovlege krigen sin i Ukraina – ein posisjon IOC tidlegare delte, legg ho til.

Statsråden maner styresmakter på tvers av land til å stå samla.

– Vi, og mange andre land, har vore eintydige på dette heile vegen, og vi vil no jobbe raskt på tvers av likesinna land for å sikre at solidariteten held fram i denne saka, seier Donelan.

Ordføraren i Paris, Anne Hidalgo, sa torsdag at ho går inn for at russiske idrettsutøvarar skal konkurrere under OL i Paris i 2024 under nøytralt flagg.

I eit møte med Frankrikes president Emmanuel Macron tysdag la Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj press for å få OL-arrangørane til å nekte russiske og belarusiske utøvarar deltaking.

(©NPK)

Den britiske kulturministeren Michelle Donelan er klar i sin tale. Foto: Kirsty Wigglesworth / AP / NTB