Annonse

Brød frå Bakehuset lagt i feil pose

Norgesgruppen åtvarar mjølkeallergikarar om at nokre brød frå Bakehuset er pakka i feil pose, der mjølkepulver ikkje står deklarert.

Annonse

Brøda dette gjeld heiter «Våre groveste Matpakkebrød skåret», men er lagt i posar merka «Våre groveste Havrebrød skåret», skriv Norgesgruppen i ei pressemelding.

På posen står ikkje mjølkepulver deklarert. For å vere på den sikre sida overfor forbrukarar med mjølkeallergi, informerer Norgesgruppen om at det er ein risiko for at kundar kan ha fått feil brød viss dei har kjøpt «Våre groveste Havrebrød skåret».

Dette gjeld brød som er kjøpt tysdag 26. januar på Meny, Kiwi, Spar, Joker, Nærbutikken og Bunnpris i austlandsområdet.

(©NPK)

Nokre brød av typen «Våre groveste Matpakkebrød skåret» er pakka i feil pose. Posane er merka «Våre groveste Havrebrød skåret» og der er ikkje mjølkepulver deklarert. Foto: Norgesgruppen / NTB