Annonse

Brot i forhandlingane om CO2-fond

Regjeringa har vore i samtalar med næringsorganisasjonane om etablering av eit CO2-fond. Dei har ikkje komme til semje, og melder om brot.

Regjeringa ønsker å finansiere eit CO2-fond for næringstransporten over statsbudsjettet, medan næringslivsorganisasjonane på si side har ønskt at fondet skal finansierast gjennom at næringa blir fritatt for CO2-avgift mot at dei forpliktar seg til å kutte i utsleppa.

Måndag vart det klart at NHO og dei andre organisasjonane ikkje ønsker å fortsetje samtalane, og dermed vart arbeidet lagt på is.

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen understrekar at regjeringa framleis vil ha på plass fondet.

- Målet til regjeringa er å halvere utsleppa frå transportsektoren innan 2030. Vi er godt i gang når det gjeld norsk privatbilisme, der norsk elbilpolitikk er leiande i verda. No må vi få ned utsleppa frå næringstransporten. Då kan eit CO2-fond vere eit viktig verkemiddel, seier han.

Opposisjonspartiet SV ber regjeringa og NHO om å komme seg tilbake til forhandlingsbordet så raskt som mogleg.

- Skal vi klare å halvere utsleppa frå vegtrafikken trengst nye verkemiddel. Derfor må regjeringa og næringslivet setje seg saman igjen for å få på plass eit CO2-fond for næringslivstransport, seier SV Trøndelags Lars Haltbrekken til NTB og fortset:

- SV meiner fondet må finansierast av den varsla auken i CO2-avgifta. Gjennom NOx-fondet som dei raudgrøne fekk på plass saman næringslivet, har utsleppa av NOx gått kraftig ned. No er det på høg tid med eit tilsvarande verkemiddel i klimakampen.

(©NPK)

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) understrekar at det framleis er viktig for regjeringa å få på plass eit CO2-fond for næringslivet sjølv om det er brot i forhandlingane med NHO og dei andre næringslivsorganisasjonane. Foto: Monika Skolimowska / DPA / NTB scanpix.