– Eg er sjølvsagt glad for den moglegheita og skal gripe ho, skriv Brun i ein SMS til VG.
Noregs dobbeltfirar med Brun, Helvig, Erik Solbakken og Martin Helseth avslutta samarbeidet tidlegare i juni. Årsaka var at det rett og slett ikkje gjekk fort nok. No blir Brun og Helvig prioritert i sveitsiske Luzern.
– Men det er spesielt å konkurrere med venner og lagkameratar om plassane i ein båt, då blir jo nokon skuffa, og det er ikkje spesielt kjekt, synest eg, seier Brun.
Det er ikkje klart om Brun og Helvig skal satsast på i EM og VM i høvesvis august og september, skriv VG.
(©NPK)
Kristoffer Brun skal ro saman med Oscar Helvig i verdscupfinalen.
Foto: Lise Åserud / NTB