Brundtland: – Koronapandemien viser kor viktig internasjonalt samhald er

I tida av koronaen er internasjonalt samarbeid, multinasjonale organisasjonar og fordelingspolitikk viktigare enn nokon gong, ifølgje Gro Harlem Brundtland.

– Global solidaritet er ikkje berre etiske og verdimessige val. Det er nødvendig for å sikre helse, økonomi og sikkerheit, sa Brundtland på eit nettmøte arrangert av Det Norske Videnskaps-Akademi torsdag kveld.

Sjølv om nasjonale responsar på koronapandemien har vore avgjerande for å bremse den globale smittespreiinga, har multilaterale organisasjonar som Verdshelseorganisasjonen (WHO) stått sentralt, understreka ho.

– Land har vore avhengige av samarbeidet og oversikta som dei internasjonale organisasjonane våre representerer. WHO står sentralt i bildet, sa ho.

Viktig å støtte opp om WHO

Brundtlands kommentarar kjem etter at USAs president Donald Trump kritiserte WHOs handtering av koronakrisa i eit brev til generaldirektøren i organisasjonen Tedros Ghebreyesus.

I brevet trekte Trump òg fram Brundtlands handtering av sars-utbrotet i 2003, då ho var leiar av WHO.

«Mange liv kunne vore spart om du hadde følgt doktor Brundtlands eksempel», skreiv Trump til Tedros.

Brundtland var WHO-sjef frå 1998 til 2003 og er sjølv utdanna lege. I 2018 vart ho beden av Verdsbanken og WHO om å undersøkje beredskapen i verda for ein global pandemi i Global Preparedness Monitoring Board.

På foredraget torsdag kveld understreka Brundtland viktigheita av WHO, men peika på at organisasjonen er avhengig av meir støtte og auka fullmakter for å sørgje for at land held forpliktingane sine overfor organisasjonen.

– I dei seinaste åra har vi sett korleis populisme har sett nasjonal suverenitet opp mot verdien av internasjonalt samarbeid. Vi har sett eit angrep på WHO og eit skremmande bilde av splid mellom dei to største økonomiane i verda, Kina og USA, seier ho.

Kritiserer USAs innanriks- og utanrikspolitikk

Ho peikar mellom anna på at ein sidan 2016 har sett eit angrep på multilaterale institusjonar. Ho trur likevel ikkje verda vil sjå eit globalt skifte i retning bort frå internasjonalt samarbeid.

– Det er ikkje slik at alle andre følgjer etter USA når USA trer tilbake. Mange ser kor farleg det er. Tyskland er til dømes eitt av landa som har teke på seg ei leiarrolle for å fylle tomrommet, seier ho.

Men det er ikkje berre USAs internasjonale rolle ho kommenterer. Ho er òg kritisk til korleis landet har handtert koronakrisa internt, og dessutan den underliggjande strukturen og det politiske landskapet der, som ho meiner har ytterlegare forverra effektane av koronapandemien i landet.

– USA har dårleg leiing, lite testing og oppfølging, høge dødstal for eit rikt land, eit sprengt helsevesen og nød og fattigdom, seier ho.

– I USA har eg håp om at dei som var for seine til å gjere tiltak, får medansvar for dødsfalla under krisa og arbeidsløysa ein ser. Før november vil ein få ein diskusjon om ein ikkje skal ha betre fordelingspolitikk og eit sosialt tryggingsnett, som i USA i stor grad manglar, understrekar ho.

Presidentvalet i USA skal haldast 3. november.

(©NPK)

I eit foredrag torsdag kveld understreka Gro Harlem Brundtland kor viktig det er med internasjonalt samarbeid og multilaterale organisasjonar i møte med globale kriser som koronapandemien. Foto: Ørn E. Borgen / NTB scanpix