Annonse

Brutal EM-knockout av Noreg, 36–29 over Ungarn

Dei norske handballgutane smadra Ungarn 36–29 og likna eit lag som kan gå heile vegen i EM. Magnus Abelvik Rød pådrog seg ein skade etter storspel.

Annonse

Sander Sagosen fekk den 100. seniorlandskampen sin og var som vanleg heilt sentral, men han hadde med seg mange på festen.

Noreg trong berre nokre sekund på å vise ungararane at dette kom til å bli ein vond kveld for dei.

Det stod 6–1 etter under sju minutt. Det norske laget spelte på toppnivå i begge endar av banen i ei frenetisk opning. Leiinga var oppe i 8–1 eit par minutt seinare. Ho voks til 15–5 etter 17.37.

Ungarn sjokkerte både Island og Danmark med offensivt forsvar. Mot Noreg vart ungararane kledde av i begge fasane til spelet den første halvtimen.

Svarte

Etter pause vart det jamnare. Få norske redningar og surr i angrep var med på å øydelegge i starten av omgangen. Ungarn kom heilt opp på 19–23 etter 40 minutts spel, men det vart ikkje meir enn det.

Noreg tar eit kjempesteg mot semifinale med siger over Sverige søndag. Svenskane spelar på heimebane. Den norske oppvisninga mot Ungarn gjer at Sveriges spelarar har mykje å fundere på før den kampen.

Fleire av dei smugtitta på førsteomgangen i Noreg – Ungarn og så ikkje fornøgde ut.

Uheldig

Uheldige Rød måtte ut med ei skadd i høgrehanda (ikkje kastarmen hans) like etter pause. Det er truleg snakk om ein forstua finger.

Ungarns Bence Bánhidi fekk direkte raudt kort for taklinga.

Tidlegare fredag vann Slovenia 30–27 over Island. For Noreg vil det truleg vere ein fordel om slovenarane held fram med å vinne. Då er det ikkje usannsynleg med ein gruppefinale onsdag der begge laga er sikra semifinale før avkast.

Dagen før speler Noreg mot Island. Islendingane er pressa og ganske desperate no. For dei dreiar hovudrunden seg truleg om å sikre ein plass i OL-kvalifiseringa.

Borte

Malmö Arena var rimeleg bra besett av publikum under Noregs kamp. Danmarks fiaskofarvel gjorde at eit par tusen danskar ikkje møtte opp.

Dei to beste i puljen er klare for semifinale fredag neste veke i Stockholm. Medaljekampane går laurdag og søndag (finale).

EM-vinnaren får OL-plass til Tokyo-leikane om eit halvt års tid. Noreg har ikkje spelt olympisk herrehandball sidan 1972, året før landslagssjef Christian Berge vart fødd.

(©NPK)

Magnus Abelvik Rød jublar for mål mot Ungarn i EM-kampen i handball fredag. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Magnus Abelvik Rød får behandling for ein skade han fekk i sigeren mot Ungarn. Her saman med fysioterapeut Harald Markussen. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix