Bryting: Høie klar for rekvalifisering i VM

Othelie Høie får ein ny sjanse til å kjempe om ein bronsemedalje i 59-kilosklassen i bryte-VM i Beograd.

Annonse

Høie innleidde meisterskapen i Serbia med å slå mexicanske Susana Lozano Veytia 5-1 måndag. Deretter vart det kvartfinaletap for ukrainske Jülija Tkach med 0-5.

Tkach følgde på si side opp sigeren mot den norske brytaren ved å overvinne Elena Heike Brügger i semifinalen.

Som følgje av at den ukrainske jenta kjempa seg til finalebillett, får Høie sjansen til å sikre seg plass i bronsefinalen gjennom såkalla rekvalifisering. I den første kampen der ventar russiske Anastasiia Sidelnikova.

(©NPK)

Annonse