Annonse

Budsjettlekkasje: Sju milliardar til klimatiltak

Regjeringa set av sju milliardar kroner til klimatiltak i det neste statsbudsjettet, opplyser utviklingsminister Dag Inge Ulstein (KrF) til VG.

Av dei sju milliardane skal 1,8 milliardar brukast på satsing på fornybarheit, 1,4 på miljø og klima, 3,3 på klima og skog og 520 millionar kroner på berekraftig hav.

Ulstein, som nettopp har vore i Mali, åtvarar i VG om at klimaendringane vil medføre enorme flyktningstraumar frå stader der temperaturen rett og slett blir for høg.

Samtidig seier han at det er «uforståeleg» å frykte auka flyktningstraumar, samtidig som ein ikkje er villig til å bruke pengar på klimatiltak.

- Eg kom akkurat heim frå Mali. Her møtte vi internt fordrivne flyktningar, mellom anna skuleelevar, som hadde mista absolutt alt. Skulen var brent ned av ekstremistar, dei mangla mat og heimstaden var overfløymd av flaum. Tenk om nokon skulle kalla dei for «lykkejeger». Det er så langt frå sanninga. Det er dei mest sårbare som flyktar. Viss temperaturen held fram å stige i Sahel-beltet, har vi knapt sett byrjinga på flyktningstraumen herfrå, seier han.

Sahel-regionen er utsett for tørke og klimaendringar, og væpna islamistgrupper er aktive i fleire fattige land i regionen.

Til saman blir det sett av 500 millionar på klimatilpassingstiltak i utviklingsland: 100 millionar går til klimatilpassing, førebygging og nedkjemping av svolt, 100 millionar til mattryggleik, fiskeri og landbruk, 50 millionar til berekraftig havbruk, 200 millionar til klimatilpassing i det grøne klimafondet og 50 millionar til FN sitt tilpassingsfond.

(©NPK)

Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein (KrF) lovar sju milliardar til klimatiltak i det nye statsbudsjettet. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix