Annonse

Bukholm om Novavax-resultat: – Gode nyheiter

Smitteverndirektør i Folkehelseinstituttet, Geir Bukholm, kallar nyheita om effektiviteten til Novavax-vaksinen for gode nyheiter.

– Det ser ut til at dette er ein god vaksine som gir god immunrespons og med ein god tryggingsprofil. Dette er gode nyheiter, seier Bukholm til NTB.

Tidlegare måndag sa den amerikanske vaksineprodusenten Novavax at vaksinen deira mot covid-19 er over 90 prosent effektiv og også vernar mot nye virusvariantar.

Selskapet seier det vil søkje om godkjenning i USA, Europa og fleire andre stader innan utgangen av september.

– Vaksinen vil antakeleg bli godkjend så seint at han ikkje får stor betydning for gjennomføring av første runde med vaksinasjon mot covid-19 i Noreg, seier Bukholm.

– Vi reknar med at dei fleste vil vere vaksinerte med ein mRNA-vaksine, altså dei frå Pfizer og Moderna, når denne vaksinen kan bli distribuert til Noreg, seier han.

(©NPK)

Geir Bukholm, smitteverndirektør i Folkehelseinstituttet, meiner nyheitene frå Novavax om at vaksinen deira er over 90 prosent effektiv mot koronaviruset er godt nytt. Foto: Terje Pedersen / NTB