Annonse

Burgarkjede droppar plastleiker i barnemenyar

Burger King sluttar med å dele ut plastleiker i barnemenyar for å redusere plastbruken. Dei oppmodar òg kundar til å levere leiker tilbake.

Annonse

Burgarkjeda har estimert at dei kjem til å spare 320 tonn eingongsplast kvart år i Storbritannia med dei nye endringane, skriv Reuters.

Burger King seier i ei fråsegn torsdag at dei òg kjem til å installere konteinarar på restaurantane i Storbritannia der kundar kan levere tilbake leiker, enten utgitt av Burger King sjølv, konkurrentar, magasin eller andre aktørar.

Plastleikene som blir levert tilbake, skal bli brukt til nye formål.

Ifølgje CNN gjeld tiltaket om å droppe plastleiker Storbritannia.

Konkurrenten McDonalds kunngjorde onsdag at i nokre restaurantar i Storbritannia og Irland vil det vere mogleg for kundar å byte plastleiker mot frukt. Tiltaket vil bli innført neste månad.

(©NPK)

Burger King skal slutte å dele ut plastleiker i barnemenyer. Illustrasjonsfoto: Knut Fjeldstad / SCANPIX