Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-AFP): Salet av burkini, den heildekkjande islamske symjedrakta, skyt i vêret i Australia, og særleg blant ikkje-muslimar, seier oppfinnaren av burkinien.
npk@npk.no
Publisert: 23.08.2016 kl 08:02
Australsk-libanesiske Aheda Zanetti registrerte namna burkini og burqini for meir enn ti år sidan, og lanserte den første symjedrakta for muslimske kvinner. Oppstyret den siste tida rundt burkini-forbodet i Frankrike har berre vore med på å gjere symjedrakta enda meir populær i Australia, meiner ho.
– Det har berre vore så hektisk. Berre på søndag tok imot vi 60 nettbestillingar, alle frå ikkje-muslimar, seier den 48 år gamle Sydney-bebuaren. Ho legger til at selskapet vanlegvis får mellom ti og tolv bestillingar på søndagar.
Zanetti seier ho har fått mange støttemeldingar, og berre éin negativ e-post, etter at det i Frankrike er blitt innført burkini-forbod i 15 byar søraust i landet. Støtta kjem frå kreftpasientar og symjarar som bruker den lette og raskt tørkande symjedrakta i to delar for å verne seg mot sola.
– Kvinner står samla rundt dette. Rase eller religion spelar ingen rolle, seier Zanetti. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.