Bursdagsbarnet Solskjær: – Fernandes har gitt oss X-faktor

Ole Gunnar Solskjær lovpriste nykomaren Bruno Fernandes før europaligamøtet på torsdag med belgiske Brugge.

United har to vegar inn i Meisterligaen neste sesong. Siger i Europaligaen eller ein topp fire-plass i Premier League. Det kan vere femteplassen er nok dersom Manchester City blir avvist av Det europeiske fotballforbundet (Uefa).

– Eg trur vi berre må ta ein kamp av gongen. I ein cupkamp kan alt skje. Vi kan ha ein dårleg dag. Forhåpentlegvis tar vi òg mange poeng i serien framover, sa Solskjær på ein pressekonferanse onsdag.

– Vi får folk tilbake. Vi ser skarpare ut no, la han til.

Solskjær hadde bursdag onsdag og runda 47 år. Han såg for seg å sjå Meisterliga-fotball på kvelden.

– Vi har fått inn litt X-faktor med Bruno (Fernandes). Han liker å ta litt risiko og sende pasningar gjennom forsvaret til motstandaren. Det skal ein Manchester United-spelar gjere. Han veit kva han skal gjere før han får ballen. Han kan òg endre planen på ein augneblink, sa Solskjær om portugisaren.

– Eg trur han berre blir betre når han blir kjend med ligaen vår. Han har kome inn og imponert alle. Vi legg ingen avgrensingar for korleis han kan utvikle seg.

United spelte 1–1 i bortekampen og er storfavoritt til å avansere.

Torsdag skal den yngste sonen til Solskjær, Elijah, òg trene med akademi-spelarane i United. – Eg skal bruke litt tid på å sjå på det, sa manageren på spørsmål frå VG.

(©NPK)

Manchester United-manager Ole Gunnar Solskjær får besøk av Brugge i Europaligaen torsdag.
Foto: Francisco Seco / AP / NTB scanpix