Annonse

Butikkjeda Sears er konkurs

Den ikoniske amerikanske butikkjeda Sears er konkurs etter 125 års verksemd. Det var netthandelen som tok knekken på dei hundrevis av butikkane i kjeda.

Annonse

Under namnet Sears & Roebuck vart bedrifta grunnlagt i 1886 og bygde etter kvart ut ei kjede med stormagasin i alle avkrokar av Nord-Amerika.

Selskapet var også det første til å starte postordresal med grunnlag i ein katalog på fleire hundre sider som inneheldt alt frå klede til grasklipparar.

I dei siste åra har kjeda måtta stengje hundrevis av butikkar på grunn av konkurranse frå Amazon og andre nettbutikkar.

Selskapet er i djup gjeld og var ikkje i stand til å betale eit avdrag på 134 millionar dollar som hadde forfall måndag.

(©NPK)

Butikkjeda Sears er konkurs. Foto: David Zalubowski / AP / NTB scanpix