ANNONSE
Annonse

Bybanen blir fleire milliardar kroner dyrare

Bybanen i Bergen vil koste minst 17 milliardar kroner ifølgje nye kostnadsoverslag. Det er opp fem milliardar kroner frå førre estimat.

Dei nye reknestykka er ikkje heilt samanliknbare med dei tidlegare, skriv Bergens Tidende. Årsaka er at dei mellom anna ikkje inneheldt prisane for grunnerverv.

Sist vart dette vurdert til 2,3 milliardar kroner, og truleg er denne kostnaden høgare no.

– Vi har ikkje grunnerverv for dette planforslaget per no. Vi er ganske sikre på at det blir meir, sa prosjektleiar Rune Herdlevær på pressekonferansen torsdag formiddag.

Legg ein dette på det nye kostnadsoverslaget på 14,6 milliardar kroner for bybane, sykkelveg, veg og forlenging av Fløyfjellstunnelen, får ein altså totalsummen på minst 17 milliardar kroner.

Estimata er likevel usikre, seier etatsdirektør Terje Wanvik ifølgje Bergensavisen. Dei nye tala er såkalla p50-anslag, noko som betyr at det er 50 prosents sjanse for at det blir dyrare og 50 prosents sjanse for at det blir billigare.

– Uvissa er det vanskelegaste, i både marknaden og reint praktisk sett: kor mykje stein det er, vêret, lovverket, endra politikk og så vidare, seier Wanvik.

(©NPK)

Bybanen stig i pris og vil truleg koste fem milliardar kroner meir enn tidlegare vurdert. Foto: Marit Hommedal / NTB

ANNONSE
Annonse