Annonse

Byrådet i Oslo vil ha forbod mot fossilbilar i delar av Oslo

Lan Marie Berg (MDG) og det raudgrøne byrådet i Oslo set no i gang arbeidet som skal gjere delar av Oslo til forboden sone for fossilbilar.

I budsjettet for 2021 får Bymiljøetaten 4 millionar kroner for å lage eit forslag til soner i byen der berre elbilar, hydrogenbilar eller køyretøy med annan utsleppsfri teknologi får køyre.

– Eit forbod mot slike bilar i delar av Oslo vil gjere det endå meir attraktivt å velje elbil eller andre meir miljøvennlege framkomstmiddel. Det vil òg gi mindre støy, og leggje til rette for meir byliv, seier byråd for miljø- og samferdsel i Oslo, Lan Marie Berg (MDG) til Dagbladet.

Målet er at utsleppa i Oslo skal kuttast med 95 prosent innan 2030. I kva område fossilbilar skal forbydast er ikkje avklart.

– Men det vil vere naturleg å sjå på dei områda som i dag blir omfatta av Bilfritt byliv, seier Berg.

Sona for bilfritt byliv er det meste av Oslo sentrum frå Oslo Sentralstasjon til Slottsplassen og gatene rundt. Denne sona skal etter kvart òg omfatte Tøyen og Grønland.

– Målet er å få dette på plass seinast innan utgangen av 2023. Klarer vi det, blir Oslo truleg den første hovudstaden i verda som får nullutsleppssoner, seier Berg.

(©NPK)