Annonse

Byrådsleiaren lovar nye tiltak i Oslo måndag

Byrådsleiar Raymond Johansen varslar nye koronatiltak i Oslo måndag. Han er bekymra for smitteauken og ber om at flytrafikken frå Polen blir stansa.

Annonse

Torsdag vart 79 personar melde smitta i hovudstaden. Berre ein gong etter 3. april har talet vore høgare. Dei siste to vekene er 662 registrerte smitta i hovudstaden.

– Eg er bekymra over det, og vi jobbar med å få ned tala. Vi vil ha ein pressekonferanse måndag der vi legg fram nye tiltak, seier Johansen til NRK.

Han peikar på kor viktig det er å redusere kontakten mellom folk og å sørgje for at avstanden er ein meter. Han er òg bekymra for importsmitte.

– Oslo er spesielt utsett for importsmitte. Vi kan like det eller ikkje, men Noreg er veldig avhengig av arbeidsinnvandring frå Polen og Litauen, seier Johansen til Aftenposten.

Begge landa har hatt kraftig smittevekst den siste tida. I Polen døydde 168 personar av korona torsdag, som er det høgste nokon gong i landet. Johansen vil derfor ha stopp i flytrafikk frå landet.

– Dersom dei sjølve ikkje gjer det, bør nasjonale styresmakter gjere det, meiner han.

(©NPK)

Byrådsleiar Raymond Johansen varslar at det kjem nye koronatiltak i Oslo måndag. Foto: Jil Yngland / NTB