Annonse

Canadiske Murphy klar for Vålerenga ishockey

Den canadiske løparen Wade Murphy har signert for Vålerenga. 26-åringen vart presentert torsdag.

– Vi har følgt Wade ganske lenge, og har dei siste tre vekene hatt tett dialog om mogleg overgang, seier sportssjef i Vålerenga, Frikk Juell, til nettsidene til klubben.

Han fortel at Murphy har mange styrkar og få svakheiter. Dei beskriv 26-åringen som ein type som ser spelet godt, er sjanseskapande, hardtarbeidande og audmjuk.

– Vi både trur og håpar han blir ein spelar som produserer bra i Vålerenga-drakta, seier Juell.

Murphy spelte førre sesong for Narvik og har dermed god oversikt over norsk ishockey.

Vålerenga jobbar med å få arbeidsløyve og opphaldsløyve frå Utlendingsdirektoratet. Så snart det formelle er på plass, reiser canadiaren til Noreg der det ventar ti dagar i koronakarantene før han kan spele.

– Eg gler meg veldig til å komme i gang med ein så historisk klubb som VIF. Eg har snakka med Frikk Juell fleire gonger om organisasjonen, og eg er sikker på at vi kjem til å lukkast, seier Wade Murphy til nettsida til klubben.

(©NPK)

Narviks Wade Murphy vart torsdag presentert som Vålerenga-spelar. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB