Carlsen framleis verdseinaren etter rask remis

Magnus Carlsen var pressa før stjernemøtet med Shakhriyar Mamedyarov, men med endå ein remis i europacupen toppar sjakkesset framleis verdsrankinga.

27-åringen måtte unngå tap for ikkje å bli vippa av trona han har sete på sidan juli 2011. Det greidde han utan store problem. Med svarte brikker landa Carlsen ein remis etter litt over to timar og 30 trekk.

Verdsmeisteren taper ratingpoeng kvar gong han ikkje vinn, men «uavgjort» mot verdstrearen Mamedyarov er ikkje eit dårleg resultat. Remisen tysdag var den tredje for Carlsen på rad for Vålerenga under klubbturneringa i Hellas.

Carlsen er no akkurat fire ratingpoeng framfor Fabiano Caruana. Vel han å spela dei to siste partia onsdag og torsdag, må han plukka 1,5 av 2 moglege poeng for å behalda posisjonen som verdseinar.

Caruana er utfordraren til nordmannen i VM i London neste månad. Amerikanaren har i haust vore uhyggjeleg nær å ta over førsteplassen på verdsrankinga, men hittil har Carlsen klart å halda stand.

Spenning

Det var knytt stor spenning til gigantduellen tysdag. Mamedyarov er den siste spelaren som har slått Carlsen i klassisk sjakk. Det gjorde aserbadjanaren i Biel-turneringa i slutten av juli. Mange lurte difor på om Mamedyarov, som hadde fordel av kvite brikker, kunne vinna igjen og samtidig gjera Caruana til ny verdseinar.

Carlsen nekta å la det skje. Som så ofte før er han i storform når han møter rivalar i den ypparste verdseliten.

- Magnus presterer best mot dei beste, men er ikkje like effektiv mot dei svakare spelarane, sa NRKs sjakkekspert Torstein Bae til NTB før partiet tysdag.

Vel sjølv

Det er ikkje avgjort om Carlsen er med i sluttspurten i europacupen. Vålerenga lèt han velja sjølv kva parti han spelar. Før helga stod 27-åringen over opningsrunden.

- Vi respekterer ønska til Magnus. Han er spelesugen, men vi lèt det vera opp til han sjølv når han spelar, sa lagleiar for Vålerenga Dag Danielsen til NTB etter partiet måndag.

Ifølgje Danielsen er ikkje rankingpresset til Carlsen eit tema i Vålerenga-leiren.

- Vi snakkar ikkje om det. Magnus gjev uttrykk for at det er laget som er det viktigaste.

Vålerenga heng med i medaljekampen i greske Halkidiki. Etter fire av seks parti står det 2-2 i kampen mot aserbajdsjanske Odlar Yurdu. Oslo-klubben har tysdag spelt fire remis.

(©NPK)

Magnus Carlsen spelte sin tredje remis på rad under europacupen i sjakk tysdag. Her er han fotografert frå tidlegare i turneringa. Foto: Jack Nilssen / Vålerenga Sjakklubb / NTB scanpix