Carlsen-remis mot Duda i Wijk aan Zee

Verdseinar Magnus Carlsen spelte remis med svarte brikker mot polakken Jan-Krzysztof Duda i den tredje runden i Wijk aan Zee-turneringa i sjakk.

Begge spelarane hadde éin siger og éin remis frå dei første rundane i Nederland.

Carlsen hamna bakpå etter relativt få trekk. Sjakkcomputeren som følgjer partia, viste klar fordel til Duda, som hadde kvite brikker. Etter rundt 16, 17 trekk kom ein periode der spelarane brukte veldig lang områdingstid.

– Eg synest det ser ròtent ut, sa TV 2s sjakkekspert Jon Ludvig Hammer etter at spelarane hadde gjort unna 24 trekk.

Datamaskinene viste tilsynelatande at kvit ikkje hadde noko særleg overtak. Etter 38 trekk vart Carlsen og Duda samde om remis etter fleire avbyte.

Duda har tidlegare vore ei lei nøtt for Carlsen. Polakken stoppa mellom anna rekordrekkja til nordmannen på 125 strake langsjakkparti utan tap i oktober i 2020.

Etter tre rundar står Carlsen og Duba med to poeng kvar.

Tysdag møter Carlsen heimehåpet Jorden van Foreest med kvite brikker.

(©NPK)

Magnus Carlsen spelte remis mot polakken Duda i storturneringa i Nederland måndag. Foto: Carina Johansen / NTB