Carlsen utklassa Nakamura i første semifinale

Magnus Carlsen hadde ingen problem med å overvinne Hikaru Nakamura i første semifinale i Rapid Challenge. Han vann 3–0 og kan innkassere finaleplass fredag.

Som i kvartfinalane blir det spelt best av tre kampar, men torsdag var det ikkje mykje som tydde på at Nakamura kan stikke kjeppar i hjula for den norske verdsmeisteren. Carlsen vann dei tre første hurtigsjakkpartia, og derfor trong dei ikkje å spele det fjerde.

– Det var veldig herleg å vinne såpass greitt, og ikkje minst fordi partia var ganske bra i dag. Det er definitivt den beste matchen eg har spelt dei siste vekene, sa Carlsen til TV 2.

Dei to møtest til ny kamp fredag, og Nakamura må vinne for å tvinge fram ein avgjerande kamp laurdag.

Ikkje over

– Eg tek med meg sigeren, men er veldig klar over at eg treng ein veldig god dag til med sjakk for å ro dette i land, sa Carlsen.

Han vann det første partiet med kvite brikker etter 47 trekk, det andre med svart etter 41 trekk og det tredje med kvitt etter 30 trekk. Carlsen har no vunne dei fem siste partia han har spelt med svart.

– Eg har skjønt at det berre er å sitje og spele solid, så får dei prøve å slå meg, forklarte han overfor TV 2.

Nakamura var ikkje i nærleiken torsdag.

Friksjon

Ifølgje VG har det vore friksjon mellom dei to under turneringa, som er eit chess24.com-arrangement. Nakamura, som har avtale med rivaliserande chess.com, har på sin Twitch-kanal brukt chess.com-kommentatorar utan tilvising til at chess24.com er arrangør.

Det fekk Carlsen til å reagere, og han kalla i ei Twitter-melding framgangsmåten som «not okay».

Rett før oppgjeret på torsdag sende Nakamura ei melding til Carlsen med «good luck». Det trong ikkje verdsmeisteren for å vinne.

(©NPK)

Magnus Carlsen utklassa Hikaru Nakamura i første semifinale i Rapid Challenge-turneringa. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix