Annonse

Celtic-sjefen snakka med Ajer om rykta:– Kan vere distraherande

Celtic-manager Neil Lennon synest Kristoffer Ajer handterer ryktefloraen rundt eiga fotballframtid godt. Han vil ikkje selje den norske midtstopparen.

Ajer har vore kopla til ei rekkje klubbar, blant dei den italienske fotballstorleiken Milan, i lengre tid. Så langt har likevel ikkje den påståtte interessa materialisert seg i ein overgang.

Torsdag møter Ajer og Celtic armenske Ararat-Armenia i europaligakvalifiseringa. Då manager Lennon møtte pressa i forkant av kampen onsdag, vart den norske forsvarsbautaen til klubben igjen tema.

– Han er svært fokusert. Han spelar frå start i morgon, og han ser fram til kampen. Du kan ikkje kontrollere spekulasjonane. Som alltid har det ikkje komme nokon konkrete tilbod eller konkrete stadfestingar på noko, sa Lennon om overgangsrykta.

– Og vi ønskjer ikkje å selje han, la han til.

Kan påverke

Celtic-sjefen er klar på at Ajer ikkje lèt seg prege av overgangsrykta.

– Han er på ein bra stad mentalt sett. Eg snakka med han om dette i går, og eg er her for å støtte han, sa Lennon.

Han medgjev samstundes at stendige rykte rundt eiga framtid kan vere ei påkjenning.

– Situasjonen han er i kan nokon gonger vere svært distraherande, men han får all den støtta han treng frå meg, resten av støtteapparatet og sjølvsagt lagkameratane.

Varsla overgang

Ajer har to år igjen av kontrakten med den skotske meisterklubben. For ei tid tilbake varsla agenten til landslagsprofilen Tore Pedersen, at midtstopparen kom til å forlate Celtic.

– Han forlengjer ikkje med Celtic og forsvinn i sommar. Det er fleire klubbar som er interesserte, utan at eg kan gå meir inn på namn. Det er mange som har følgt han over ein lengre periode, sa han til NTB.

Mykje kan likevel tyde på at Ajer ikkje er eit brennheitt namn i Milan. Tidlegare denne veka uttalte direktør Paolo Maldini seg om at klubben er på utkikk etter ein midtstoppar, men gjekk langt i å stadfeste at verken Ajer eller Fiorentina-spelar Nikola Milenkovic er hyperaktuelle.

– Eg må seie nei. Desse to kan vere på lista, men for å vere heilt ærleg er dei ikkje blant namna vi jobbar med akkurat no, sa klubblegenda etter det Sky Sports Italia rapporterer.

(©NPK)

Kristoffer Ajer har full støtte hos sjefen. Foto: Terje Pedersen / NTB