Annonse

Chelsea stadfestar målvaktkjøp

Den senegalesiske målvakta Édouard Mendy blir den siste i rekkja av Chelsea-signeringar i overgangsvindauget i sommar. Torsdag vart han klar for London-klubben.

Det stadfestar Chelsea sjølv på nettsidene sine og i sosiale medium.

Mendy kjem frå franske Rennes. Dit kom han i fjor sommar. Han var heilt sentral då klubben førre sesong imponerte med tredjeplass i Ligue 1. Det gav plass i gruppespelet i meisterligaen for første gong i historia.

– Det er ein draum å bli del av denne spennande spelarstallen og å jobbe med Frank Lampard og trenarteamet hans. Eg ser fram til å møte lagkameratane mine, og kan ikkje vente med å komme i gang, seier 28-åringen.

Etter det britiske medium skriv skal Chelsea ha gått med på å betale Rennes 22 millionar pund for målvakta. Det svarer til 264 millionar kroner.

Daily Mail skriv at det betyr at London-klubben har brukt over 2,5 milliardar kroner på spelarkjøp den siste tida. Frå før er Timo Werner, Kai Havertz, Hakim Ziyech, Ben Chilwell og Thiago Silva henta inn.

Sisteskansen i klubben, Kepa Arrizabalaga, måtte tole kritikk for innsatsen sin førre sesong. No får han skarp konkurranse frå Mendy, i tillegg til at Willy Caballero òg er i spelarstallen.

Sistnemnde vakta målet i ligacupmøtet på onsdag med Barnsley.

(©NPK)

Chelsea-manager Frank Lampard fortset å forsterke stallen. Foto: Neil Hall / AP / NTB