Chelsea tapte mot japansk lag i Pulisics første kamp

Frank Lampard måtte sjå Chelsea-mannskapet sitt tape 0-1 mot japanske Kawasaki Frontale i ein treningskamp fredag.

Japans regjerande seriemeister sikra sigeren like før slutt då brasilianske Leandro Damiao heada inn den avgjerande scoringa frå kort hald.

Sjølv om London-klubben gjekk på eit flautt tap, kunne supporterane glede seg over at dei fekk sjå Christian Pulisic i aksjon som Chelsea-spelar for første gong. Amerikanaren vart bytt inn etter ein dryg time, men klarte ikkje å setje avgjerande preg på kampen.

Chelsea-manager og Frank Lampard stilte ein nokså sterk ellevar, men i den japanske varmen kom blåtrøyene til kort.

Resultatet er derimot ikkje det første svake i sesongoppkøyringa til klubben. Mot irske Bohemian vart det berre 1-1 førre veke. Betre gjekk det mot St. Patrick som vart slått 4-0.

Tysdag ventar tøffare motstand for Frank Lampards menn. Då skal blåtrøyene i aksjon mot Barcelona. Også den kampen blir spelt i Japan.

(©NPK)

Kenedy og Chelsea måtte sjå seg slegne av Kawasaki Frontale i ein treningskamp fredag. Foto: Eugene Hoshiko / AP / NTB scanpix