CNN fryktar Det kvite hus vil stanse reporter igjen

CNN har bedt ein domstol om ei ny rettshøyring fordi medieselskapet fryktar at Det kvite hus igjen vil ta frå CNN-reporter Jim Acosta presseakkrediteringa hans.

CNN seier i ei utsegn måndag at Det kvite hus har gjeve melding om at Acostas presseakkreditering kan bli inndrege på nytt.

- Det kvite hus held fram å bryte første og femte tillegget i grunnlova. Desse tiltaka truar alle journalistar og nyheitsorganisasjonar. Jim Acosta og CNN kjem til å halde fram å rapportere nyheiter frå Det kvite hus og om presidenten, heiter det vidare i utsegna.

Det kvite hus tok for halvanna veke sidan rå Jim Acosta presseakkrediteringa hans etter at han under ein pressekonferanse med Donald Trump nekta å gi frå seg mikrofonen og heldt fram å stille presidenten kritiske spørsmål.

Ein dommar vedtok kort tid etterpå at Acosta måtte få akkrediteringa tilbake. Men dette vedtaket gjaldt berre i fjorten dagar. Og i eit brev som CNN har fått frå Det kvite hus, står det at «det er gjort ei førebels avgjerd» om at Acostas akkreditering vil bli inndrege igjen når dei 14 dagane har gått.

CNN har no via advokatane sine gått til domstolen for å forhindre at det skjer.

(©NPK)

CNN-reporter Jim Acosta kan bli fråteke akkrediteringa til Det kvite hus igjen snart. CNN går no rettsleg til verks for å hindre at det skjer. Foto: AP / NTB scanpix