Annonse

Colombia ber om internasjonal hjelp med migrantstraum frå Venezuela

Nesten 1,3 millionar menneske har forlate Venezuela og søkt til Colombia for eit betre liv. No ber landet om internasjonal hjelp til å handtere situasjonen.

Colombias utanriksminister, Carlos Holmes Trujillo, sa onsdag at landet strevar med å handtere den kraftige straumen av menneske som kjem frå det kriseramma Venezuela. Kvar einaste dag kryssar fleire enn 63.000 nye personar grensa.

- I dag har vi 1.296.552 personar frå Venezuela i landet vårt. Dette er det nest største mengda migrantar til eitt land etter talet på syrarar som har reist til Tyrkia, men det er flest personar på kortast tid, sa Trujillo og la til at talet på migrantar aukar i takt med at situasjonen i Venezuela blir forverra.

Ministeren bad om at det internasjonale samfunnet går saman for å avhjelpe den vanskelege situasjonen og bidra med ressursar. Han bad òg om auka internasjonal solidaritet og fleire politiske og økonomiske sanksjonar som kan bidra til president Nicolás Maduros fall. Til liks med dei fleste vestlege land støttar Colombia opposisjonsleiar Juan Guaidó som Venezuelas rette leiar.

3,4 millionar venezuelanarar har flykta frå landet, ifølgje FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR) og Den internasjonale organisasjonen for migrasjon (IOM). Det er venta at dette talet vil stige til 5,4 millionar innan utgangen av året.

(©NPK)

Menneske frå kriseramma Venezuela i La Prada, nær Cacuta i Colombia i kø for å hente pengar overført frå slektningar i utlandet. Stadig fleire frå Venezuela vel å forlate landet og kvar dag kjem 63.000 av dei over grensa til Colombia. Foto: Fernando Vergara /AP / NTB scanpix