Covid-19 blir kopla til auka tjuvjakt i Indonesia

Koronapandemien har ført til auka tjuvakt på Sumatra i Indonesia. Mange tyr til ulovleg jakt for å skaffe mat på bordet eller tene pengar, seier naturvernarar.

– Folka våre fann mange fleire snarer og feller i skogen i mars, april og mai, enn tidlegare månader, seier viltkoordinator Dedi Yansyah i Leuser Conservation Forum.

– På grunn av isolasjonstiltak som følgje av covid-19, har folk altfor mykje ledig tid, så dei går på jakt – både for pengane og for å få mat, seier han.

Skogane på Sumatra husar fleire av verdas mest trua artar, som orangutang og sumatratiger. Tjuvjegerane går mellom anna etter hjort, serovgeiter og tigrar, ifølgje Yansyah.

Dana Tarigan i miljøverngruppa Walhi seier den auka tjuvjakta kjem av at viltoppsynet har færre patruljar etter at fleire verneområde er stengde for turistar på grunn av koronautbrotet.

– Tryggingspersonellet til styresmakta er opptekne med covid-19, men òg før utbrotet var handhevinga av reglane svak, seier Tarigan.

(©NPK)

Sumatras skogar husar eit rikt dyreliv, som er utsett for meir ulovleg jakt under koronapandemien. Illustrasjonsfoto: Heiko Junge / NTB scanpix