Cubanske styresmakter slepp fri 2.604 fangar

Regjeringa på Cuba har lauslate 2.604 fangar som har sona meir enn ein tredel av straffa si.

Det er avisa til kommunistpartiet Granma som opplyser dette fredag. Det er ei rekke unntak frå vedtaket, og personar som er dømde for drap, grove ran, valdtekt, barnemishandling, korrupsjon, tjuveri av drivstoff og narkohandel slepp ikkje ut før full straff er sona.

Granma opplyser at styresmaktene tar omsyn til alder, åtferd og helsetilstand ved utplukking av kandidatar for benåding.

Cuba slapp også i 2015 fri ei betydeleg gruppe innsette. Den gong vart 3.522 fangar benåda før paven besøkte øya.

(©NPK)