Curling-EM: Viktig siger for laget til Ulsrud

Curlinglaget til Noreg med Thomas Ulsrud som skip heldt liv i sjansen til semifinaleplass i EM med 6-5-siger over Russland onsdag.

Med fire sigrar og fire tap er det norske laget på delt 5.-plass, men med siger i siste grunnspelskamp mot Nederland torsdag vil laget klatre til 5-4. Tre lag har 5-3 før den siste runden, men to av dei (Italia og Sveits) møtest innbyrdes, medan Skottland møter uovervunne og allereie semifinaleklare Sverige.

Noreg låg tidleg under 0-2 og 1-4 mot Russland, men vende kampen. Etter å ha redusert til 3-4 med to poeng i 5. omgang «stal» det norske laget eitt poeng både i 6., 8. og 9. omgang der russarane hadde sistestein. Det vart berre eitt russisk poeng i siste omgang, og dermed kunne dei norske juble.

På det norske laget spelte Magnus Vågberg, Markus Høiberg, Steffen Walstad og Ulsrud.

Noreg har eigentleg vunne fem av kampane sine i EM og tapt berre tre, men laget vart frådømt 9-5-sigeren over England søndag etter at innbytar Magnus Nedregotten i strid med reglane brukte eigen kost i staden for å overta kosten til Høiberg då han erstatta han.

Kvinnelaget til Noreg i EM gav opp då Russland leidde 9-2 etter seks omgangar onsdag. Det var det femte tapet på sju kampar for dei norske kvinnene i Helsingborg.

Russarane tok to poeng i kvar av dei tre første omgangane, og kampen verka tidleg køyrd for skip Marianne Rørvik og laget hennar. 6-0 vart til 6-2 etter den fjerde omgangen, men i den femte tok det russiske laget ytterlegare eitt poeng og gjekk opp i 7-2-leiing. Då Russland «stal» to nye poeng i den sjette omgangen, takka dei norske jentene for kampen.

Det norske laget bestod av Martine Rønning, Maia Ramsfjell, Rørvik og Kristin Skaslien.

Så langt har det vorte tap mot Skottland (4-7), Danmark (3-7), Sveits (3-11), Tsjekkia (5-6) og Russland. Dei to sigrane til turneringa er komne mot Latvia (6-5) og Estland (7-6).

(©NPK)

Thomas Ulsrud og laget hans vann den viktige kamp mot Russland i curling-EM onsdag. Bildet er frå ei tidlegare turnering. Foto: Jonas Ekströmer / TT / NTB scanpix

Kristin Skaslien og Noreg tapte klart mot Russland i EM-kampen i curling onsdag. Bildet er frå ein tidlegare meisterskap. Foto: Carina Johansen / NTB scanpix