Annonse

Curlingprofilen Thomas Ulsrud er død: – Han er vel den beste spelaren Noreg har hatt

Den mangeårige curlingstjerna Thomas Ulsrud døydde tysdag kveld etter lang tids sjukdom, melder VG og NRK. Han vart 50 år gammal.

Annonse

Ulsrud tok mellom anna OL-sølv i 2010, og han vart både verdsmeister (2014) og europameister (2010 og 2011) med det norske laget sitt.

– Thomas har betydd veldig mykje for oss innan curling i Noreg. Han var ansiktet vårt utetter i mange år. Han er vel den beste curlingspelaren vi har hatt her i landet, seier sportssjef i curlingforbundet, Pål Trulsen, til NTB.

– Thomas var nok også den curlingspelaren som tok sporten til eit nytt nivå her i landet. Han selde unna businessen sin og satsa på curling på heiltid.

– Thomas ønskte inga merksemd rundt sjukdommen, men han såg på sjukdommen som ein curlingkamp. Han satsa på å vinne han, seier Trulsen.

Ulsrud fekk konstatert kreft i desember 2020. Ulsrud gjekk gjennom omfattande cellegiftbehandling og hadde til det siste tru på at han skulle bli frisk, fortel kona Elin Grødal til VG.

– Han døydde heime. Han ville ikkje vere på sjukehus, seier ho.

(©NPK)

Kronprins Haakon på curlingbanen saman med Thomas Ulsrud (til høgre) og Pål Trulsen i 2016. Foto: Terje Pedersen / NTB

Thomas Ulsrud har gått bort, 50 år gammal. Foto: Lise Åserud / NTB