Daily Mail: - Solskjær kan få jobben denne veka

Ifølgje avisa Daily Mail kan Ole Gunnar Solskjær bli utnemnd til permanent manager i Manchester United denne veka.

Det er ingen opne kjelder i saka, men avisa meiner at klubben har valt. Manchester United har vunne 14 av 19 kampar med Solskjær som mellombels tilsett manager etter at José Mourinho vart sparka i desember.

Manchester United har fleire gonger sagt at ei endeleg avgjerd ikkje vil komme før etter at sesongen er over, men annonseringa kan komme tidlegare for å unngå meir spekulasjonar.

I den siste tida er det ikkje dukka opp nye aktuelle kandidatar som det er skrive mykje om, og det kan tolkast som eit teikn på at Solskjær blir den nye sjefen til klubben.

Midtbanespelaren Nemanja Matic er den førebelse siste spelaren i rekka til å uttrykkje støtte til Solskjær og medhjelparane Mike Phelan, Michael Carrick og Kieran McKenna.

- Eg meiner at han er ein god manager. Eg blir glad om han blir. Det same kan seiast om Mike, Michael og Kieran. Det er ikkje berre Ole som har gjort ein god jobb, sa Matic.

Solskjær har vore saman med familien dei siste dagane medan det har vore pause frå klubbfotballen medan landslaga har vore i aksjon.

(©NPK)

Ole Gunnar Solskjær ventar spent på om han får lov til å bli manager i Manchester United permanent. Foto: Rui Vieira / AP / NTB scanpix.