Dallas Stars: Zuccarello er ikkje klar enno

Mats Zuccarello trena med Dallas Stars før dei måndag vann 5-2 over Jets. Trenar Jim Montgomery veit enno ikkje når han er speleklar etter skaden.

Zuccarello trena saman med Tyler Pitlick, som også er på veg tilbake. Sistnemnde har vorte operert i handleddet, medan Zuccarello har fått operert inn ei plate i armen etter brotet han fekk i debutkampen for Dallas Stars.

Trenar Montgomery lét ingen av dei sleppe til i kampen måndag mot Jets, og seier til Stars' nettside Pitlick er nærare å friskmeldast enn Zuccarello er. Når det blir, er framleis i det blå for begge to.

- Det er for tidleg å seie, seier Montgomery og listar opp kriteria for å komme tilbake på laget.

- Så snart han er i stand til å vinne duellar konsekvent på trening, skøyter slik han gjer og speler med tempo, kjem han tilbake i oppstillinga, seier trenaren.

I ein video lagt ut på Stars' nettside måndag blir vist glimt frå februar og mars for laget. Dei nye spelarane på laget får mykje tid, og Zuccarello blir mellom anna heidra for at spelestilen hans vil fylle eit tomrom i laget.

- Han speler tøft, han speler med lidenskap, det burde passe bra med korleis Dallas Stars speler, blir det kommentert.

Så blir det vist glimt frå debutkampen hans, inkludert den første scoringa og målgjevande han hadde for Dallas-laget i 4-3-sigeren over Chicago Blackhawks.

Etterpå blir han krona med cowboyhatt i garderoben.

EMBED START Custom Dallas Stars slo Jets 5-2 måndag, framleis utan Mats Zuccarello på laget. Foto: AP /Trevor Hagan / Canadian Press / NTB scanpix EMBED END Custom (©NPK)
Ishockeyspelaren Mats Zuccarello blir intervjua før «Summer Classic» på Ullevaal stadion. Foto: Audun Braastad / NTB scanpix