Annonse

Danmark set nytt ambisiøst klimamål

Den danske regjeringa vil redusere klimagassutsleppa med 50–54 prosent innan 2025.

Regjeringa og støttepartia vart samde fredag om å redusere drivhusgassar med over halvparten innan fire år.

I utgangspunktet foreslo statsminister Mette Frederiksen å redusere klimagassane med 46 til 50 prosent. Men støttepartia frå venstresida meinte det var for lite og fekk medhald i kravet om ein reduksjon på 50 til 54 prosent.

Dette delmålet skal no skrivast inn i klimalova som er inngått i Folketinget.

Danmark er det EU-landet som frå før har det mest ambisiøse hovudmålet om å redusere utsleppa med 70 prosent innan 2030. No blir tempoet auka ytterlegare.

Landet har som ambisjon å vere klimanøytralt innan 2050.

(©NPK)

Statsminister Mette Frederiksen har inngått avtale med støttepartia om nye bindande klimamål. Arkivfoto: Emil Helms / Ritzau / AP / NTB