Annonse

Danmark skjerpar koronatiltaka

Danske styresmakter innfører krav om munnbind innandørs i offentlege lokale. Det maksimale talet på menneske som kan samlast, blir sett ned frå 50 til 10.

Statsminister Mette Frederiksen presenterte innstrammingane fredag.

– Vi veit godt at eit forsamlingsforbod på ti personar er veldig inngripande, erkjende ho.

Kravet om bruk av munnbind vil mellom anna gjelde på daglegvarebutikkar og apotek. Påbodet gjeld i første omgang til 2. januar.

Frå måndag blir dessutan forbode alkoholsal etter klokka 22.

Det siste døgnet er det registrert 859 nye koronatilfelle i Danmark. Det er det høgste talet hittil.

(©NPK)

Statsminister Mette Frederiksen presenterte dei nye skjerpa koronatiltaka fredag. Foto: Philip Davali / NTB