Annonse

Danmark stadfestar 78 nye omikrontilfeller

Danmark har stadfesta 78 nye smittetilfelle med omikron sidan søndag. Totalt har 261 personar fått stadfesta smitte med omikronvarianten i landet.

– Statens Serum Institut finn eit stadig stigande tal omikrontilfeller i Danmark, uttaler SSI på nettsidene sine måndag.

73 av tilfella er påviste gjennom sekvensering, medan 188 er påviste gjennom ein såkalla variant-PCR-test. Tidlegare skulle alle omikrontilfeller påvisast med sekvensering, men variant-PCR-testen er no så sikker at den kan brukast til å stadfeste varianten.

– Vi ser no smittekjeder blant folk som ikkje har vore på reise eller har samband til reisande, seier SSI-leiar Henrik Ullum.

Danmark oppdaga sine første to tilfelle av varianten 28. november.

(©NPK)

Danmark har stadfesta 78 nye smittetilfelle med omikron måndag. Totalt har 261 personar fått stadfesta smitte med omikronvarianten i landet.
– Vi ser no smittekjeder blant folk som ikkje har vore på reise eller har samband til reisande, seier SSI-leiar Henrik Ullum.
Foto: Philip Davali / Ritzau Scanpix / NTB