Annonse

Danmark vil ha innpass i EUs forsvarsbyrå

Danmarks forsvarsminister Claus Hjort Frederiksen meiner tida har sprunge frå det danske unntaket frå forsvarssamarbeid i EU.

Danmark søkjer no om observatørstatus i EUs forsvarsbyrå EDA, stadfestar Frederiksen. Han seier han har rimeleg godt håp om å få gjennomslag for søknaden.

Danmark kan derimot ikkje bli fullt medlem. Det kjem av det såkalla forsvarsatterhaldet, som gjer at Danmark er unnateke frå forsvarssamarbeidet i EU.

Frederiksen meiner forsvarssamarbeidet i EU i dag er i «rivande utvikling», og at det derfor er naturleg for Danmark å søkje auka innverknad.

- Tida har sprunge frå dette atterhaldet. Når ein ser på kva for aktivitetar EU deltek i, er det klart i samsvar med Danmarks interesser, seier forsvarsministeren.

Han viser mellom anna til EUs operasjonar i land som Mali og Sudan, som atterhaldet hindrar Danmark frå å delta i.

- Men vi vil ikkje risikere å skulle bli tiltalt for å tukle med atterhaldet. Vi held stigen vår rein, seier Frederiksen.

(©NPK)