Annonse

Danmarks handballjenter utan kapteinen i EM

Kapteinen for Danmarks handballjenter, Stine Jørgensen, må gjennom ein kneoperasjon og blir ikkje klar til EM i Frankrike i desember.

Annonse

Det opplyser klubben hennar, Odense, i ei pressemelding torsdag.

Jørgensen måtte forlate bana i Odenses meisterligakamp mot Metz søndag på grunn av ei vriding i kneet. Larvik spelar i same gruppe i meisterligaen.

Etter kampen var det uvisse knytt til skadeomfanget. Ytterlegare undersøkingar viste ein skade på menisken som gjer at Jørgensen må under kniven.

28-åringen blir etter planen borte frå handballbana i seks til åtte veker. Dermed går ho glipp av EM i Frankrike i desember.

- Eg synest det er tungt akkurat no. Eg må berre ta ein dag av gongen, og så vil eg ikkje bruke mykje tid på spekulasjonane om framtida, seier Jørgensen.

Noreg og Danmark spelar ikkje saman i gruppespelet i Frankrike. Noreg må klare seg utan si største stjerne Nora Mørk. Györ-spelaren har også gjennomgått ein operasjon i kneet.

(©NPK)

Stine Jørgensen i duell med franske Marie-Paule Gnabouyou (t.h.) under kampen mellom Frankrike og Danmark i Golden League i 2017. Foto: Jean-François Monier / NTB scanpix