Danmarks handballpresident: – Vi vil gjere alt for å redde EM

Det danske handballforbundet (DHF) seier det vil gjere alt for å finne ei løysing om Noreg trekker seg som vertsnasjon til handball-EM for kvinner.

– Det er vesentleg for DHF at dette arrangementet blir gjennomført, og vi vil gjere alt som står i vår makt for at det blir det. Det er viktig for idretten vår, seier DHFs handballpresident Per Bertelsen.

Bertelsen er samd i at statsministeren Erna Solbergs utsegner til NTB fredag gjer at han trur det blir vanskeleg for Noreg å gjennomføre sin del av meisterskapen.

– Det er mange teikn som tyder på at dette kan komme til å verte vanskeleg – å få til ein protokoll når så mange menneske skal komme og som rører ved så mange menneske, sa Solberg.

Norges Håndballforbund har frist til måndag med å svare Det europeiske handballforbundet (EHF) på om Noreg kan ta på seg sin del av arrangøransvaret.

– Så lenge det norske handballforbundet ikkje har meldt noko, har eg tru på at nordmennene løyser oppgåva. Den planen er eg lojal overfor inntil den augneblinken der Noreg seier noko anna, seier Bertelsen.

EM-sluttspelet skal etter planen spelast frå 3. til 20. desember. Trondheim og danske Herning er oppført som arrangørbyar.

(©NPK)

Det er framleis uvisst om landslagssjef Thorir Hergeirsson, her under VM i 2019, får leie Noreg i kampar i Trondheim i årets EM. Foto: Vidar Ruud / NTB