Dansk økokrim har ransaka Nordeas danske hovudkvarter

Dansk økokrim har ransaka Nordeas danske hovudkvarter i samband med skuldingar om kvitvasking, fortel den danske avisa Børsen.

Nordea stadfestar at politiet var på besøk onsdag førre veke og at det skjedde i samband med ei gransking av den internasjonale avdelinga til banken.

-Vi samarbeider fullt ut med politiet for å sikre at dei har tilgang til alle relevante opplysningar. Ut over det har vi ikkje noko å legge til, skriv Frank Vang-Jensen til Børsen. Han er sjefen for Nordea i Danmark.

Det har tidlegare vore omtalt at milliardar av kroner i suspekte transaksjonar har gått gjennom denne avdelinga ved Vesterport i København.

Avdelinga vart stengd i 2014.

(©NPK)

Dansk politi har ransaka Nordeas hovudkvarter i København. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix