Dansk toppklubb sikra seg Molde-spelar

Malene Aambakk forlèt Molde til fordel for spel i den danske handballklubben Odense etter inneverande sesong.

Fyn-klubben stadfestar på nettsidene sine at Aambakk har signert ein toårskontrakt.

– Vi gleder oss til å ønskje Malene velkomen til Odense. Malene er ein spennande spelar, som har mange eigenskapar i spelet sitt. Ho er ein god skyttar og ein god fintespelar, og så passar ho godt til spelestilen vår, seier trenar Karen Brødsgaard.

Ho tok nyleg over det sportsleg ansvaret i Odense.

– Eg gleder meg til å kome til Odense for å utvikle meg som spelar. Og eg gleder meg til å hjelpe klubben med å nå dei målsetjingane dei har sett seg, seier 26-årige Aambakk.

Frå før det kjent at Ingvild Bakkerud gir seg i Odense etter denne sesongen.

(©NPK)

Malene Aambakk er klar for Odense. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix