Annonse

Danske politikarar samde om historisk Afghanistan-gransking

Eit breitt fleirtal i Folketinget i Danmark er samde om å setje i verk ei uavhengig gransking av det danske engasjementet i Afghanistan dei siste 20 åra.

Det er Dansk Institut for Internationale Studier (Diis) som får i oppdrag å lage utgreiinga.

– Danmarks 20-årige militære og sivile innsats i Afghanistan er utan motstykke i dansk historie, seier utanriksminister Jeppe Kofod i ei pressemelding fredag kveld.

– Vi skyldar dei tusenvis av utsende danskane som har gjort ein ekstraordinær innsats i Afghanistan, vår djupaste takk og respekt. Vi skyldar dei å lære av det viktige arbeidet deira, seier han vidare.

44 danske soldatar er drepne i Afghanistan. Det danske militære nærværet var konsentrert om Helmand-provinsen, eit av dei mest konfliktfylte områda under krigen mot Taliban.

Granskinga skal mellom anna klargjere grunnlaget for dei politiske avgjerdene som førte fram til det danske engasjementet.

(©NPK)

Ein mann deler ut brød til afghanske kvinner utanfor eit bakeri i Kabul torsdag denne veka. Etter 20 år med vestleg militært nærvær gjenerobret Taliban makta i landet tidlegare i år. Foto: Petros Giannakouris / AP / NTB