Danske turistar i dobbel redningsaksjon i Vaksdal

To danske turistar var dobbelt uheldige då dei skulle gå til Dalastølen turisthytte i Hordaland torsdag, men fekk bistand begge gonger frå Røde Kors-mannskap.

Dei to danskane var på veg frå Dale til Dalastølen og var godt utstyrt med mat og klede på veg til Dalastølen turisthytte, men gjekk seg vill på vegen dit torsdag ettermiddag. I 18.30-tida blei det i gangsett redningsaksjon.

- Dei blei hjelpt på rett kurs, men så var ein av dei så uheldig og fall og skadde seg, så vi måtte sende mannskap opp for å hjelpe. Om lag klokka 1.10 blei turistane funne av Røde Kors-mannskap. Dei følgde dei til Dalastølen turisthytte for å overnatte der. No er planen at dei truleg blir henta ned av helikopter når det lysnar, seier operasjonsleiar Stein Rune Halleraker i Vest politidistrikt til NTB klokka 5.40.

Turisten som fall er undersøkt og skal ikkje ha fått alvorleg skade.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Terje Pedersen / NTB scanpix