Annonse

Dark Room-tiltalt dømt til tre og eit halvt års fengsel

Ein 31 år gammal mann frå Bergen er dømt til tre og eit halvt års fengsel for deltaking i 30 overgrepschattar, deling av overgrepmateriale og kjøp av sexdokke.

Annonse

Mannen var ein av dei første som vart arrestert i Dark Room-saka, skriv Bergens Tidende.

Fredag ettermiddag vart han dømt til tre og eit halvt års fengsel i Bergen tingrett. Ifølgje dommen har 31-åringen oppmuntra til overgrep mot barn, og han har bidrege til auka risiko for overgrep mot barn heilt ned i spedbarnsalderen.

Mannen stod mellom anna tiltalt for å ha delteke i 30 overgrepschattar, deling av grovt overgrepmateriale og kjøp av ei sexdokke som såg ut som ein barnekropp. Mannen hevdar at han har vorte hacka.

- Eg må ha vorte hacka, men eg veit ikkje av kven eller kvifor nokon ønsker å skade meg. Men han veit skremmande mykje om meg og familien min, sa mannen i forklaringa si i retten.

Politiet meiner han har chatta og delt grove bilde og videoar av seksuelle overgrep med fleire menn som er kjente frå Dark Room-komplekset. Ein av brukarprofilane politiet meiner høyrer til 31-åringen, skal ha chatta med ein far i 40-åra som er dømt til ni års fengsel for overgrep mot eigne døtrer.

Ein annan av kontaktane 31-åringen skal ha chatta med, er ein 48 år gammal Ap-politikar som torsdag vart dømt til 16 års fengsel for overgrep mot svært mange filippinske barn. Mannen vart avslørt gjennom etterforskinga av 31-åringen.

Retten finn ingen formildande omstende og dømte også mannen til å betale sakskostnadene på 50.000 kroner.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Berit Roald / NTB scanpix