Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Datatilsynet fryktar at helseopplysningar kan kome på avvege, dersom forslaget til Helsedepartementet om å gi fleire yrkesgrupper tilgang til reseptopplysningar blir vedteke.
npk@npk.no
Publisert: 20.07.2016 kl 19:55
Tilsynet meiner departementet burde ha greidd ut dei moglege konsekvensane i høyringsforslaget om endringar i kjernejournal- og reseptformidlarforskriftene.
I forslaget skriv departementet at endringane ikkje får «personvernmessige konsekvensar av betyding».
Men endringane vil innebere auka tilgang til helseopplysningar, redusert kontroll, utvida lagringstid av opplysningar og større risiko for uautorisert bruk, understreka tilsynet.
Hittil har det berre vore legar som har tilgang til informasjonen med samtykke. (©NPK)